LJERKE

I’m part of the project LJERKE, a multidisciplinary collaboration with musicians, sound artists and video artists from Norway and the Netherlands, taking place in the Netherlands in the start of November. Check out this beautiful teaser by video artist Marco Douma.

Fyrste gong på heimebane

Torsdag 13. oktober skal eg spele i heimbygda for første gong med soloprosjektet mitt for trompet og live elektronikk. Det gler eg meg veldig til, samstundes som det kjennest litt nervepirrande. Det var her eg innsåg at heilt enkle blåselydar gjennom instrumentet kunne brukast på ein musikalsk måte, at det kunne tilføre musikken noko, anten av god eller dårleg verdi. Det var her eg lærte om ansatsar, måtar å angripe tonar på, lærte å «spele solo», noko av det skumlaste, men samstundes æresfylte innad i solokornett-rekka, eg kunne tenkje meg som 15-åring. Eg gjorde det, og no reiser eg visst land og strand rundt og «spelar solo». Heldigvis bestemmer eg tonane og (u)lydane sjølv no, og for meg kjennest det litt mindre nervepirrande, enn om eg skal grue meg til den lyse tonen eg berre traff halvparten av alle gongane. Eg har mange å takke for at eg har kome dit eg er i dag, og musikkmiljøet i Jølster er definitivt på takkelista. Håpar å sjå mange av desse i salen, og at eg får lov til å vekke forundring […]