About

Norwegian Hilde Marie Holsen has carved out something very particular and niche in music. Processing her trumpet in the electronic realm, she blends the mournful tone of the brass instrument with the explorative field of electronic music to make music that lists somewhere between jazz, the contemporary and drone music. Holsen’s music has unpicked the frayed boundaries of traditions, calling in a new generation of artists that abandoned stale and repetitive conventions in favour of establishing something unique, in the realms of contemporary music.

Holsen’s debut album «Ask» was released on the Norwegian label Hubro in 2015, and hit the shelves with critical acclaim from amongst others The Guardian, The Wire and The Quietus. Since then, she’s gone on to perform on a number of world stages, both as a solo artist and in collaboration with other musicians, while also continuing her work in the recorded field. In 2018, Holsen followed up with her second solo album, «Lazuli», also released on Hubro, and was claimed to be «an almost shockingly complete musical statement».

//

Hilde Marie Holsen frå Jølster har med trompet og elektronikk funne sin eigen veg i eit skjæringspunkt mellom jazz, drone- og samtidsmusikk. Gjennom lydprosessering av trompeten skapar Holsen eit elektronisk univers, som ho blandar med ein melankolsk tone frå trompeten. Slik lagar Holsen eit originalt lydlandskap, som kan opplevast både vart, skjørt og skakt, men også kraftig og dynamisk.

Våren 2015 slapp Holsen debutalbumet sitt, Ask, på plateselskapet Hubro, og vekte med dét mykje merksemd i internasjonal musikkpresse – med kritikkar frå mellom anna The Guardian, The Wire og The Quietus. Plata vart óg nemnd som eit av høgdepunkta frå 2015 i NRK P2 sitt program Jazzklubben. Sidan den tid har ho spelt mellom anna på festivalane Punkt, Ultima, 12Points (Ir/Es), OsloJazz og Rewire (NL), samt turnert i Europa med konsertar i m.a. Italia, Storbritannia, Luxembourg og Tyskland. I 2018 kom Holsen med oppfølgjaren, Lazuli, på Hubro, og også denne gong hausta Holsen strålande kritikkar for musikken sin.